Homøopatiske prinsipp i både terapeutikk og kvardag

Av John Petter Lindeland, naturterapeut MNNH reg.

Homøopatiens grunnleggjar, Samuel Hahnemann, gjer i Organon greie for det han kallar homøopatiens naturlov. I dette omgrepet ligg det ei overtyding om at det homøopatiske prinsipp ikkje er spekulativt tankespinn, men knytta opp til ein naturlov som ein kan finna døme på innan mange andre fagområde og i kvardagslivet. Eg har prøvd å samanfatta litt av det som S. Hahnemann legg fram og lagt til eigne observasjonar av fenomenet.

Døme på homøopatisk prinsipp
Interferens er eit kjent fenomen innan fysikken. Frå Gyldendal og Aschehoug sitt leksikon:

«Et karakteristisk fenomen ved interferens er at to bølger som hver for seg kan registreres på et sted, kan slokke hverandre ut når de møtes, for eksempel at to lyssignaler til sammen gir mørke eller at to lydsignaler som består av toner med samme frekvens noen ganger ikke høres når de treffer øret samtidig.»

Dette fenomenet blir i dag utnytta t.d. i samband med øyresus (tinitus) ved at ein simulerar den same lyden som pasienten har – og dermed blir den subjektive opplevinga av øyresusen heilt borte eller minskar.

Bruken av Ritalin ved behandling av ADHD o.l tilstandar er i samsvar med homøopatiske prinsipp.

Bruk av amfentamin hjå normalt friske menneske, vil framkalla liknade symptom som det ein vil kunne observera hjå ADHD barn.

Også vaksinering må ein også kunna tilleggja verknaden av prinsippet liknande kurerar liknande. I fotnota til § 33 i Organon skriv S. Hahnemann:

«Indtil 1801 utbrød der epidemier af Sydenham’s glatte skarlagensfeber fra tid til anden blant børn, og de angrep uden undtagelse alle, som endu ikke havde været udsat for sygdommne. Men ved Köningslutter epidemien, som jeg var vidne til, blev alle de børn, som havde taget en meget lille dosis Belladonna tidlig nok, ved med at være immune over for denne meget smittsomme sygdom. Hvis legemidler kan beskytte os imod smitten fra den epidemi, som raser, så må de have en større styrke til at omstemme vor livskraft end epidemien»

Paradoksalitet er også eit omgrep innan psykologien. Det var psykiataren Victor Frankl som
introduserte metoden som han kalla paradoksal intensjon. Den går ut på å forsterka ubehaget, vanen osb. for å gjera pasienten medviten om sine umedvitne reaksjonsmønstre eller adferd. Ved t.d. stamming, blir pasienten oppfordra til å forsterka stamminga innanfor ein terapeutisk styrt ramme.

Innan katastrofepsykiatrien blir dei involverte oppmoda til å oppsøkja ulykkesstaden for å gjenoppleva «det liknande» som dei har vore igjennom – for på den måten å hindra seintraumer.

Det klassike gravferdsritualet som dei fleste av oss har vore med på, er i sin natur ei kortvarig forverring av sorgopplevinga og gjer det såleis lettare å koma igjennom den. (Dei gamle gråtekonene er eit anna døme, men mindre brukt i dag.)

Vår moderne skismøring er tufta på erfaringa om å simulera det liknande under skia som i snøen. Mjuk smøring til mjuk snø (klister eller mjuk voks) og hard smøring til hard snø (isklister som blir hard når den størknar eller hard voks).