John Petter Lindeland

Signifikant homøopati – om det nye Symptomen-Lexikonet
I over 20 år har heilpraktikar Uwe Plate arbeida med å utvikla fembindsverktet Symptomen-Lexikon – godt assistert av heilpraktikar Bernhard Möller. Ideen til dette verket kjem frå S. Hahnemann sjølv.

Homøopatiske tiltak og tips ved sporadiske uhell og hendingar under behandling
Under behandling av kroniske sjukdommar kan ein til tider oppleve uventa episodar og uhell som fører til mellombelse tilstandar som forstyrrar det homøopatiske behandlingsforløpet, og som  krev bruk av eit mellombels middel før ein igjen kan fortsetja behandlinga av den underliggjande kroniske sjukdomen.

Framover mot Hahnemann
Intervju med lege og homøopat Anton Rohrer. Poenget er ikkje å fylgja Hahnemann lik eit religiøs dogme, men å undersøkja om han sin metode er vellykka i høve å hjelpa våre pasientar.

Behandlingsreaksjonar og helingsprognose
I boka Lectures on Homoeopathic Philosophy gjev Kent ei utdjuping av dei fleste paragrafane i S. Hahnemanns Organon. I kapittel 19 gjev han ei oppsummering i tolv punkt når det gjeld «prognosar etter å ha observert verknaden av midlet (det homøopatiske)».

Forsøk ved munnkirurgi på begge sider
Effekt av homøopatisk medisin når det gjeld smerte og andre forhold ved akutte trauma: Placebokontrollert forsøk ved munnkirurgi på begge sider.

Homøopatien og autorisasjonsspøkelset
I samband med den offentlige presentasjonen av Aarbakkeutvalget si utgreiing om alternativ medisin (NOU 1998:21) fekk vi sjå eit glimt på TV2 der ein homøopat trakk på seg ein kvit legefrakk idet han sette seg foran sin pasient. Dette var tydeleg ei symbolhandling for å visa det offentlige rom kva slags ambisjonar og mål ein del av det alternative medisinske miljøet i Norge har.