Stikkordarkiv: homøopatisk

Fortynningar og potenseringar (dynamiseringar)

Forord til femte bind av «Dei kroniske sjukdomane, deira særeigne natur og homøopatiske kur» (1838) av Samuel Hahnemann.

Omsett frå den engelske utgåva (Prof. L. H. Tafel) av
homøopat John Petter Lindeland
Nøtterøy 1996
john.petter@notteroynaturmedisinske.no

Dei såkalla fortynningar eksisterar stort sett utelukkande i substansar som har med smak og farge å gjera. Ei oppløysing av salte og bitre substansar blir fortløpande frårøva deira smak jo meir vatn som blir tilsatt, uavhengig av kor mykje dei blir rista. Slik også med oppløysingar av fargestoff; dei blir mest fargelause ved innblanding av meir og meir vatn, og ristinga vil på ingen måte auka fargeinnhaldet.

Desse er og vil forbli å vera reine fortynningar, men ingen dynamiseringar.

Homøopatiske dynamiseringar er prosessar der den medisinske krafta/eigenskapen, som ligg latent i naturlege substansar i rå tilstand, blir vekt til live, og blir så i stand til å verka på ein mest åndeleg måte på livet; d.v.s. på våre sensitive og følsome fibre. Denne utviklinga av eigenskapar/krefter i rå naturlege substansar (dynamiseringar) skjer, som eg før har sagt når det gjeld tørre substansar, ved trituering i mortar, men for substansar i flytande form, ved risting eller støting, som også er trituering. Desse preparater kan ikkje bare bli sett på som fortynningar, sjølv om alle preparater av dette slag, der føremålet er å heva dei opp til høgre potensar, d.v.s. at den latente medisinske krafta/eigenskapen ytterlegare blir vekt til live og utvikla, må fyrst gå gjennom enda ei fortynning, slik at tritueringa eller ristinga/støtinga ytterlegare kan koma inn til kjerna av den medisinske substansen, og kan derfor også frigjera og avdekkja dei meir finare delar av den medisinske krafta som ligg djupare gøymt, noko som på ingen måte kunne ha vore fullbyrda ved trituering og støting av substansar i deira rå/konsentrerte form.

Av og til les vi i homøopatiske bøker om pasientkasus vedrørande ein bestemt sjukdom, der visse høge (fortynningar) dynamiseringar av ein medisin var til inga nytte, men ein lågare potens viste seg å vera effektiv, medan andre hadde sett større framgong med høgare potensar. Men ingen undersøkjer i slike tilfeller årsaka til den store skilnaden i desse verknadane. Kva forhindrar tilverkaren av medisinane (og dett burde vera den homøopatiske legen sjøl; han burde sjøl smi og kvessa våpena til bruk i kampen mot sjukdomane) – kva forhindrar han, ved tilverking av ein potens, frå å gje 10, 20, 50 og fleir etterfylgjande støt mot ein noko hard, elastisk gjenstand med kvar flaske som inneheld ein dråpe av den lågare potensen med 99 dråpar alkohol, for på den måten å oppnå sterke potensar? Dette ville vera overmåte mykje meir effektivt enn bare å gje nokre få kraftlause etterfylgjande støt, som vil avstadkoma ikkje stort anna enn ei vanleg oppløysing, noko som ikkje skulle vera meininga.

Utviklinga av vår unike helingsform og velhavandet til pasienten ser ut til å vera verdt arbeidet med å tryggja den beste kvaliteten av han sine medisinar.

Moderne kloke hoder/bedrevitarar har endåtil rynka på nasa av 30. potensen og vil bare bruke dei låge, mindre utvikla og meir massive tilverkingar i større dosar, derfor har dei vore ute av stand til å fullbyrda alt det vår kunstart kan oppnå. Dersom allikevel, kvar potens blir dynamisert med det same antall etterfylgjande støt, oppnår vi, endåtil ved den 50. potensen, medisinar med den mest gjennomtrengjande verknaden, slik at kvar minste pellet som blir fukta med det, etter å ha blitt oppløyst i ein viss mengde vatn, kan og skal bli tatt i små dosar, dersom vi ikkje ynskjer å framkalla for voldsome aksjonar/reaksjonar hjå følsoma pasientar, ettersom vi må hugsa på at ei slik tilverking inneheld mest alle krefter som var latente og nå fullt utvikla, og desse kan då bare bli fullt ut aktive.