Kategoriarkiv: Materia Medica

Undersøking av kjeldene til den vanlege legemiddellæra – II

I dette essayet som blei publisert i 2. utgåve av «Reine Arzneimittellehre» bind 3 (1825), undersøkjer Hahnemann ulike metodar som ofte blir nytta for å skildre legemidla sine kurerande eigenskaper og diskuterer desse med omsyn til deira eksakte dynamiske verknad i den levande organismen.

Omsett frå den engelske utgåva (R. E. Dudgeon) av homøopat MNNH Svein Johannessen
Kvamsøy 1997

* * * * *

Og kva er det i dei skjulte, indre delane av den lavande kroppen som skal oppløysast eller fjernast, som den menneskelege organismen ikkje sjølv, dersom naudsynt, kan oppløyse når den blir påverka av legemiddel som gjer den skikka for gjenvinning av helse?

Eksisterer det i det heile noko i kroppen som skal oppløysast utanfrå, slik det blir lagt fram? Har ikkje vår eigen Sommering bevist at dei oppsvulma kjertlane som ein hittil alltid har trudd har hatt med obstruksjon å gjere, i staden har hatt overdilaterte årer? Har det ikkje vore stadfesta gjennom grundig undersøking at det same ubehagelege tarminnhaldet som Kampf på hypotetisk grunnlag meinte å eksistere i mest alle pasientane som leid av kronisk sjukdom, i form av tilstopping og opphoping, kan bli produsert i og kome ut av tarmane, til og med hjå friske bønder, ved gjenteken bruk av Kampfs klyster; sjølv om han ved hjelp av sine miksturar av urteavkok, gjeve i form av hundre klyster, secundum artem, skapte dei unaturlege tilhøva i tarmane som produserte desse sekreta og førte til utskiljing av dei, til alle som var vitne til dette sin skrekk, følgde, mest utan unnatak, resten av profesjonen denne metoden, og frå deira synsvinkel såg dei ikkje anna enn obstruksjonar i dei minste årene i buken, infarkter og opphopingar hjå mest alle pasientane, og rekna dei sanselause urte-miksturane til Kampf som verkeleg løysande og uttynnande og klysterte dei stakkars pasientane mest i døden med så stor energi og iver at det var ei synd og ei skam, og det til ære for ein hypotese.

Så, dersom desse førestellingane skulle vise seg å vere absolutt reelle og at det skulle vere noko som skulle løysast opp og fjernast i den sjuke menneskekroppen, kven har nokon gong sett denne oppløysinga eller fjerninga finne stad ved legemidlet si direkte verknad på pasienten sitt indre medan han attvinn helse, slik at vitalkrafta som frå før regjerte over alle operasjonane i organismen, i dette tilfellet skulle innta rolla som passiv tilskodar og late legemidlet arbeide, utan hjelp, på dei delande ein går ut frå er tilstoppa og indurerte, slik ein garvar arbeider med sine skinn?

I følgje eit sjukdomstilfelle (publisert i Hufelands Journal, desember 1815) blei kronisk oppkast etter måltid fjerna ved hjelp av kalomel (kvikksølvklorid). Ikkje noko mindre enn indurasjon av mage og pylorus blei sagt å vere årsak til dette oppkastet, noko den som la fram kasuset, med største sjølvtillit forsikrar oss om, utan å leggje fram det minste bevis som støtter opp om denne påstanden. På denne måten tilskriv han kalomel ei uomtvisteleg løysande evne og tek sjølv æra for å ha kurert ei sjukdomstilstand som er like sjeldan som den er ukurerbar. Ein annan forfattar (i Hufelands Journal, 1813) utbasunerer med same imaginære førestelling at smerte og spasmar i magen, oppgulp og oppkast hjå pasienten, skuldast ein organisk sjukdom i magen – skirrus, indurasjon og tumorar – og går ut frå at desse blei fjerna etter at pasienten drakk eit avkok av tricitum-repens i lengre tid (samstundes som han heldt seg til vel regulert diett og levesett?), og at han dermed har vist til fulle at denne planta kan kurere skirrus i magen, utan det minste bevis for at dette i det heile var tilfelle. Magesmerte, oppgulp og oppkast etter måltid, til og med over lengre tid, er ikkje på nokon måte sjeldne plager og blir ofte kurerbare ved forbetra diett og levesett og representerer i seg sjølv ikkje noko bevis på indurasjon av eller skirrus i magesekk eller pylorus. Slike plager er årsak til langt alvorlegare symptom enn smerte, oppgulp og rein oppkast.

Dette er likevel ein høgst rekommandert måte, ufortent å opphøgje legemiddel til å vere løysande, utvidande etc., nemleg ved blind gjetting og forsikrande påstandar om at ei alvorleg indre liding, som ein korkje har observert eller er i stand til å bevise eksistensen av, er til stades.

* * * * *

Den andre kjelda for legemidla sine eigenskapar, slik dei er skildra i legemiddellæra, blir påstått å byggje på sikker grunn, nemleg ved at deira verknad blir stadfesta på grunnlag av deira sanselege eigenskapar.

Eg vil spare den vanlege medisinske skule for audmjuking ved å minne den om den ufornuft legane langt attende i tid viste ved å stadfeste dei medisinske kreftene i råe legemiddel på grunnlag av deira signatur. Ut frå farge og form gav dei ei testikkelforma orkidè-rot for å gjenopprette mannleg virilitet; phallus impudicus for å styrke svake ereksjonar; dei tilskreiv den gule curcuma longa (gurkemeie) evna til å kurere gulsott og rekna hypericum perforatum (prikkperikum) for å vere nyttig ved blødingar og sår, sidan dei gule blomane gir frå seg ei raud saft når dei blir knust (St. Fohns blod) etc.; og sjølv om restar av slike absurditetar enno finst i dei mest moderne legemiddellærene, skal eg avstå frå å audmjuke også dagens legar.

Eg vil berre kort referere til noko som neppe er mindre dumt, nemleg forsøka, som også blir gjort i vår eiga tid, på å gjette medisinske krefter ut frå legemidla sine lukter og smakar.

Gjennom å smake og lukte på legemidla prøvde dei å påvise kva for verknad dei ville ha på det menneskelege lekam; og i denne prosessen skapte dei nokre generelle terapeutiske uttrykk.

Dei proklamerte at alle plantar som hadde ein bitter smak, skulle og måtte ha ei og same verknaden, berre fordi dei smakte bittert.

Men kva for variasjon av bitre smakar finst ikkje! Indikerer ikkje denne variasjonen ein tilsvarande variasjon i verknad?

Og korleis oppnår den bitre smaken denne æra, tilskrive den av legemiddellæra og dei praktiserande legane, at den er eit bevis på dei såkalla magestimulerande og styrkjande legemiddelkreftene og eit bevis på deira liknande og identiske verknad, slik at dei i følgje dette grunnlause prinsippet, ikkje har andre medisinske verknader enn denne?

Sjølv om nokre av dei i tillegg har ei særeigen evne til å skape kvalme, magesmerte og oppgulp i friske individ og følgjeleg har evne til å kurere ei påverknad av ein liknande natur homøopatisk, innehar dei i tillegg særeigne medisinske krefter som er temmeleg ulike desse, krefter som hittil ikkje har vore observerte, men som ofte er viktigare enn dei som er tilskrive dei, og som skil dei frå kvarandre i svært stor grad. Å ordinere den eine tingen med bitter smak etter den andre, utan noko form for diskriminering, som om alle skulle verke på same måten; eller tankelaust å blande dei saman i ein resept og administrere dei under etiketten bitter (extracta amara), som om dei uomtvisteleg var identiske legemiddel med evne til berre å styrke og forbetre magen, avslører den mest miserable, mest primitive rutinisme!

Og dersom det bitre aleine er tilstrekkeleg til å bevise at alt som smakar bittert (amara!) absolutt berre styrkjer og forbetrar ein dårleg mage, slik denne diktatoriske læresetninga til autoritetane innafor legemiddellære og terapi vil ha oss til å tru, da må også colocynthissquillsboletus laricis, den tjukkborka, mykje misbrukte angusturaeupatoriumsaponariamyrica galelupinalactuca virosa,prussic acid og upas-gift på same måten få etiketten bitter og rangere blant dei styrkjande, mageregulerande legemidla.

Ut frå dette kan ein kvar lett sjå kor irrasjonell og feilaktig læresetningane i den vanlege legemiddellæra er, kor nær opp til falskneri det er! Og for eit brotsverk – å gjere falskneri til basis for vårt system for behandling av sjuke!

Kinabork blei funne å ha bitter og stram smak. Dette var tilstrekkeleg for dei til å bestemme borken sine ibuande krefter. Og dermed må alle substansar og all bork med bitter og stram smak tilskrivast dei same medisinske kreftene som kinabork. Slik blei legemidla sine verknader på menneskekroppen stadfesta i legemiddellæra, på den mest utenkjelege og forhasta måte, berre ut frå smaken! Og likevel må det og vil for alltid vere usant at bork av pil eller ei blanding av aloe og bitternøtt har dei same medisinske kvalitetane som kinabork. Kor mange slike kinabork-substitutt, offentleg rekommandert, produsert og seld av høgtståande legar og gjeve til pasientar med største overtyding av andre legar, har ikkje måtte svare for alle dei verknadene som blei forventa av kinabork.

På denne måten blei menneska sine liv og helse gjort avhengig av nokre få idiotar sitt synspunkt, og alt som i det heile nådde inn i deira høgt prisa hjernar, fekk legemiddellæra til å vekse i omfang.

På same måten blei ei rekkje underlege, ulike lukter blanda saman i ein kategori og alle døypt aromatar, slik at ein enkelt og greitt kunne tilskrive alle med dette namnet ei liknande medisinsk verknad. Utan det minste strev eller vurdering blei det erklært at alle som ein var stimulerande, nervestyrkjandeløysande etc.

Dermed skulle den mest ufullkomne, den mest upålitelege av alle sansane til det siviliserte mennesket – luktesansen, som det i vokabularet finst svært få uttrykk til å skildre ulike sanseopplevingar med – vere tilstrekkeleg for å stadfeste eit legemiddel sine dynamiske kvalitetar i den menneskelege organismen; medan alle våre sansar til saman, i full beredskap for undersøking av ein medisinsk substans med omsyn til ytre kvalitetar, ikkje bidreg med noko, ikkje den minste informasjon med omsyn til den viktigaste av alle løyndomar; den indre, åndelege krafta som finst i naturlege substansar for å assistere menneska si helsetilstand; med andre ord: deira sanne medisinske og kurerande evner, som er svært forskjellig i kvar einskild aktive substans, og som berre kan synleggjerast når den blir teken innvortes og får verke direkte på dei vitale funksjonane i organismen! (Dei mest kraftfulle legemidla, som belladonna, digitalis, emetikum av tartar, arsenikk etc., har lita eller inga lukt i det heile.)

Må hegg, mynte, kvann, arnika, sassafrastre, sandeltre, koriander, kamille, løpstikke og rosmarin nødvendigvis ha den same medisinske verknad berre fordi nasane til autoritetane i legemiddellære, til si eiga tilfredsstilling, oppdaga at dei alle har ei aromatisk lukt?

Kan ei legemiddellære sett saman av ein slik mikstur av legemiddel, der alle er svært viktige nettopp på grunn av deira svært varierande verknader, vise noko anna enn utsvevande overtydingar og uærleg, ignorant sjølvtilfredsstilling?

Ikkje noko kunsthandverk, uansett kor uedelt det måtte vere, har gjort seg skuldig i slike umotiverte førestellingar med omsyn til bruken og kreftene i materiala og verktya. Reiskapen som skulle nyttast, blei i alle tilfelle først prøvd ut på mindre delar av det materialet den var meint å skulle verke på, for å forsikre seg om kva for forandringar den var i stand til å utføre på det, før den blei brukt i større skala på det verdifulle arbeidet, der ein feil ville kunne påføre alvorleg skade. Lerretsbleikaren prøvde først verknaden av klor, som er svært øydeleggjande på vegetabilsk materiale, på ein liten del av tøystykket, for dermed å unngå å øydeleggje heile materiallageret. Skomakaren hadde på førehand overtydd seg sjølv om kvaliteten i hamp – at fibrane var sterkare enn lin, og at når den blei utsett for fukt, fylte den hola i læret meir fullstendig gjennom si utviding og var meir motstandsdyktig mot oppsmuldring enn lin – før han heller nytta den i staden for lin når han skulle sy sine sko; og det var ikkje anna å vente av ein skomakar!

Men i den arrogante medisinen av vanleg merke, blir legemidla – legekunsten sine reiskapar – gjeve utan minste skepsis i det viktigaste arbeidet nokon kan utføre for sine brør – eit arbeid liv og død, og i enda større grad, glede eller bitter sorg for heile familiar og deira pårørande er avhengig av – nemleg behandling av sjukdom; og i kjennskapen til desse midla, som blir stadfesta berre ut frå deira misvisande ytre form og frå dei på førehand skapte førestellingar og usamanhengande klassifiseringar til dei som underviser i legemiddellæra, ligg den største fare for mistyding, feil og usanning. Men til og med da, som for å skjule verknaden i kvart einskild middel, inneheld ordinasjonen ein mikstur av fleire av desse, utan frykt for det uungåelege resultatet!

Så mykje for dei ikkje-funderte påstandane med omsyn til dei generelle kvalitetane til dei mange legemidla i legemiddellæra – alle opphøgde til dogme funderte på rein gjetting, på førehand skapte idear, ekstraordinære førestellingar og fiksjon. Så mykje for denne andre ureine kjelda til den såkalla legemiddellæra som framleis blir nytta!

* * * * *

Også kjemien viser til å kunne avdekkje ei kjelde for stadfesting av dei generelle terapeutiske kvalitetane i legemidla. Men vi skal snart sjå kor urein denne tredje kjelda til den vanlege legemiddellæra er.

For eit hundreår sidan gjorde Geoffroy forsøk på å oppdage legemidla sine kvalitetar, som ikkje skulle kunne bli stadfesta på annan måte enn gjennom kjemien, og etter at medisin utvikla seg til ei kunstform, har slike forsøk vore gjort enda hyppigare.

Eg vil ikkje seie noko om dei teoretiske usanningane til Baume, Steffens og Burdach som feilaktig påstår at legemidla sine kvalitetar berre eksisterer i gassane og i visse andre kjemiske komponentar, og som like feilaktig vidare påstår, ut frå rein gjetting, at desse hypotetiske elementære komponentane hadde særskilde medisinske krefter, slik at det var ein fryd å sjå kor enkelt og raskt desse storslegne menn kunne skape dei medisinske kvalitetane i kvart legemiddel ut frå ingenting. Sidan naturen, undersøkingar på den levande menneskelege organismen, observasjonar og erfaringar ikkje blei sett i høgsetet og personleg interesse, ekspertutsegn og opphøging av ein sjølv var det einaste som gjaldt, er det lett å førestelle seg at heile prosjektet køyrde seg fast.

Nei! Eg påkallar dei seriøse ambisjonane og dei ærlege utøvarane av i dag og ber om at dei, ved hjelp av vegetabilsk og animalsk kjemi, vil nå kunnskap om dei verkeleg reine legemiddelverknadene i den menneskelege lekamen, noko legemiddellæra opp til denne tid, i følgje erfaring, har vore svært i mangel av.

Det er riktig nok sant at kjemien – den kunstforma som viser oss slike mirakel – verka å vere ei meir sannsynleg kjelde for informasjon om kvalitetar i legemidla enn alle dei verdilause førestellingane og lærde salti mortali frå eldre og nyare tid som vi til no har vurdert; og fleire blei inspirerte av denne forventninga, dog stort sett slike som anten ikkje forstod kjemi (og prøvde å få meir ut av den enn den kunne gi eller hadde i seg) eller ikkje visste noko om medisin og medisinen sine tilhøve; eller slike som ignorerte både kjemi og medisin.

Animalsk kjemi kan berre skilje daud materie som viser ein ulik kjemisk reaksjon med kjemiske reagentar, frå animalske substansar. Men det er ikkje desse komponentane i det animalske vevet, skild ut ved animalsk kjemi, legemidla verkar på når dei undergrev helse eller kurerer sjukdom i den levande organismen, anten gjennom deira elementærpartiklar, slik kjemikaren vil ha oss til å tru, eller direkte på dei. Fibrin, koegulerbar lymfe, gelatin, organiske syrer, saltar og mineralar skild ut frå muskelvev gjennom kjemiske operasjonar, er toto caelo ulik den levande muskelen, som er forsynt med irritabilitet i si perfekt organiserte tilstand i det friske eller sjuke individet; materien som blir skild ut, har ikkje den minste likskap med den levande muskelen. Kva for informasjon med omsyn til naturen til den levande organismen eller dei endringane dei ulike legemidla er i stand til å påføre den medan den er levande, kan ein få på grunnlag av desse utskilde, daude delane? Eller blir matmeltingsprosessen (denne vedunderlege omdanninga av dei mest ulike slag mat, med det for auga å ta del i den perfekte utviklinga av det levande individet med alle hennar varierande organ og væsker) i det heile meir forståeleg ut frå oppdaginga av litt sodium og saltfosfat i magesafta? Kan til og med den materielle, for ikkje å snakke om den dynamiske årsaka til ei sjukeleg matmelting eller ernæring bli forstått ut frå det kjemien finn i magesafta, slik at ein sikker behandlingsmetode kunne bli grunnlagt på den? Ingenting kan vere meir fånyttes enn slike forventningar.

Likeins er det ingenting i dei kjemiske komponentane som vegetabilsk kjemi har funne fram til i plantar, endåtil i dei plantane som har dei sterkaste medisinske eigenskapane – korkje lukt eller smak – som kan gi uttrykk for eller avdekkje desse såpass varierande verknadene som kvar av desse medisinske substansane, i følgje erfaring, er i stand til å utføre med omsyn til forandring i eit individ si tilstand – frisk eller ved sjukdom.

Væska eller oljen som blir destillert frå planten, eller kvaen frå den, er heilt sikkert ikkje planten sine aktive hovudkomponentar; dei aktive komponentane finst berre, usynleg, i dei delane dei blir trekte ut frå og i seg sjølve enno ikkje synlege for våre sansar. Verknadene manifesterer seg for våre sansar først når denne destillerte væska, denne oljen, denne kvaen eller, enda betre, planten sjølv blir teken innvortes av det levande individet – nar dei verkar på den mottakelege åndeleg-animalske organismen på ein dynamisk måte.

Kva for medisinsk verknad indikerer dei andre komponentane kjemien trekkjer ut frå plantar – vegetabilsk fibrin, mineral, saltar, safter, eggekvitestoff etc. – komponentar som med få unnatak finst i mest alle plantar, til og med i dei som viser seg å ha totalt motsett medisinsk verknad? kan dei små mengdene av oksalsyre som kjemien utvinn frå rabarbrarot, vere forklaringa på at dette legemidlet er årsak til ei sjukeleg forandra søvn i friske individ, og at det kurerer liknande sjukdomstilstander?

Kva for informasjon kan alle desse komponentane gi oss, om dei er aldri så grundig analyserte av kjemien, samanlikna med den tilsynelatande evna kvar einskild plante har til å endre helsetilstanden til den levande menneskelege organismen på dei mest særeigne og varierande måtar?

Kjemikaren Green, som ikkje hadde noko kjennskap til medisin, heldt fram for legane i sin Farmakologi som er full av dei mest skadelege påstandar: «Berre den kunnskapen som kjemien gir oss om hovudbestanddelane i legemidla, kan stadfeste legemidla sin effektivitet.»

Kunnskap ja visst! Og kva for kunnskap gir kjemien oss med omsyn til dei daude, stillteiande komponentane i legemidla? Svar: Den lærer oss ikkje anna enn deira kjemiske teikn; den lærer oss at dei reagerer slik eller slik med kjemiske reagentar, og ut frå dette blir dei kalla væsker, kvae, eggekvitestoff, slim, mineral og safter av eit eller anna slag; ting av svært liten verdi for legen. Desse namna seier oss ingenting med omsyn til dei forandringane denne planten eller dette mineralet kan påføre helsa til det levande mennesket, kvar og ein ulik i sin særeigne usynlege, indre, essensielle natur; og så er det aleine denne heile legekunsten er grunna på! Berre dei manifestasjonane på aktiv åndeleg kraft i kvar einskild legemiddelagent som blir stadfesta gjennom innvortes administrasjon i mennesket, kan informere terapeuten om legemidlet sitt verknadsfelt med omsyn til legemidlet si kurerande evne. Namnet på kvar av legemidlet sine kjemiske komponentar, som er identisk i dei fleste plantar, lærer han ingenting om denne.

At kalomel til dømes består av frå seks til åtte delar kvikksølv, som gjennom sublimering blir foreint med ein del kolsyre – at den blir svart når den blir gnidd med kalkvatn – dette kan kjemien lære oss; men at denne prepareringa kan vere årsak til den velkjende spyttproduksjonen, med si særeigne lukt, i mennesket; dette veit kjemien, som sådan, ingenting om; dette kan kjemien ikkje lære oss. Denne dynamiske verknaden av kalomel på den menneskelege organismen kn berre bli oppdaga gjennom utprøving, oppnådd frå medisinsk bruk og frå innvortes administrasjon, når den verkar dynamisk og spesifikt på den levande organismen; det er faktisk berre utprøving og observasjon i forhold til verknaden av medisinske substansar på det levande menneskelege subjekt som kan stadfeste deira forhold til organismen, med andre ord: deira medisinske kvalitetar; men dette kan aldri kjemien, som berre undersøkjer anorganiske substansar si verknad på kvarandre, gjere.

Kjemien kan sjølvsagt gi oss den unyttige informasjonen at belladonnablada har svært lik kjemisk samansetning som kål og svært mange andre plantar, sidan dei inneheld eggekvitestoff, gelatin, grøn kvae, vegetabilsk syre, pottaske, kalk- og kiselhaldige mineral etc.; men dersom det er slik Green forsikrar oss om, at kunnskapen om dei elementære komponentane oppnådd av kjemien ved hjelp av reagentar, dvs. kjemisk, er tilstrekkeleg i stadfestinga av substansane sine medisinske kvalitetar, skulle det tyde at ein tallerken med belladonna må vere ein like næringsrik og uskyldig matvare som kålen. Er det det kjemikaren meiner? Og dermed kan ikkje kjemien som tek det for gjeve å kunne stadfeste dei medisinske kvalitetane i naturlege substansar ut frå deira kjemiske samansetning, unngå å tilskrive substansar som gjennom analyse viser seg å bestå av dei same komponentane, dei same medisinske kvalitetane; det kan følgjeleg ikkje hjelpa å påstå at kål og belladonna er like uskuldige eller like giftige plantar, noko som klart som dagen viser absurditeten i kjemien sine førestellingar og kjemien sin inkompetanse i vurdering av dei medisinske kreftene i naturlege substansar.

Ser ikkje Green og hans etterfølgjarar at kjemien berre kan gi informasjon med omsyn til om denne eller hin materielle komponent er til stades i den fysiske lekamen, og at dei følgjeleg ikkje er anna enn kjemiske substansar for kjemien? Kjemisk analyse kan vise oss deira verknad i forhold til kjemiske reagentar, og dette er kjemien sitt einaste skikkelege domene; men den ikkje vise oss, korkje i sine oppløysings- eller ekstraheringskar, korkje i sine destilleringskolbar eller oppsamlingskar, kva for dynamiske forandringar dei einskilde legemidla kan produsere når dei kjem i kontakt med den levande organismen.

Kvar vitskap kan berre vurdere og kaste lys over dei tema som ligg innafor sitt eiga felt; det er tankelaust å forvente informasjon frå ein vitskap om tema som høyrer inn under andre vitskapar.

Hydrostatikken gjer oss i stand til å avgjere den spesifikke gravitasjonen i fint sølv samanlikna med den i fint gull, med presisjon; men den gjer ikkje inntrykk av å kunne stadfeste forskjellen i kommersiell verdi mellom desse to. Hydrostatikken kan ikkje seie oss noko med omsyn til om gull har tolv, tretten eller fjorten gonger større verdi enn sølv i Europa eller Kina; det er berre mangelen på og etterspurnaden etter den eine eller den andre som kan stadfeste deira relative merkantile verdi.

På same måten er botanikk uunnverleg for bonden med omsyn til kunnskap om plantane si særeigne form og evna til å skilje dei frå kvarandre på grunnlag av deira utsjåande, men likevel ikkje til noko hjelp for han når han skal finne ut om ein gjeve plante er passande fòr for sauane og grisane eller ikkje, og botanikk kan heller ikkje gi han informasjon om kva for korn eller kva for rot som er best for å gjere hesten sterk eller for å feite opp oksen; korkje dei botaniske systema til Tournefort, Haller, Linnaeus eller Jussieu kan fortelje han dette; berre reine, grundige, samanliknande utprøvingar på dei ulike dyra sjølve kan gi han tilstrekkeleg informasjon.

Kvar vitskap kan berre avgjere i dei saker som ligg innafor sitt eige felt.

Kva finn kjemien i den naturlege magneten og i den kunstige magnetstaven? I førstnemnde oppdagar den ikkje anna enn ei rik jernore blanda med kisel og ei lita mengd magnesium; i sistnemnde ikkje anna enn reint jern. Ingen kjemisk reagent kan ved hjelp av den mest nøyaktige kjemiske analyse oppdage det minste spor av den mektige magnetiske krafta, korkje i det eine eller det andre tilfellet.

Men ein annan vitskap, naturvitskapen, viser gjennom sine undersøkingar både at denne vedunderlege krafta er til stades i den naturlege magneten og i magnetisert stål og i tillegg magneten sine fysiske forhold til den ytre verda, magneten si evne til å tiltrekkje seg jern (nikkel, kobolt), at den eine enden av den magnetiske nåla rettar seg mot nord, magneten sine avvik frå Nordpolen i ulike tiår og på ulike delar av kloten, enkelte gonger mot vest og andre gonger mot aust, og magneten sin varierande vinkel ved ulike breiddegrader.

Naturvitskapen er dermed i stand til å fortelje noko meir med omsyn til magneten og til å oppdage meir av magneten si magnetiske kraft frå naturvitskapen sin synsvinkel.

Men kunnskapen om kva som er verdt å vite om magneten, blir ikkje studert av kjemien og naturvitskapen; ingen av desse vitskapane kan avdekkje noko i den utanom det som ligg innafor deira eige felt. Korkje rekkevidda av kjemien eller fysikken kan informere oss om kva for mektig, kva for særeigen, kva for karakteristiske verknader den magnetiske krafta er i stand til å påføre helsa til den menneskelege lekamen når den kjem i kontakt med den og kva for særeigne kurerande evner den har ved særskilde sjukdomar; dette temaet må dei begge overlate til legane sine undersøkingar og observasjonar.

Difor, sidan ingen vitskap kan late til å kunne forklare ting som høyrer inn under andre vitskapsområde utan å framstå som latterleg, håpar eg medisinarane etter kvart vil innsjå at kjemien sitt rette felt ikkje består i anna enn å skilje kjemiske komponentar i substansar frå kvarandre og setje dei saman att (og slik sett tilbyr den farmakologien teknisk hjelp); eg håpar dei vil innsjå at legemiddel ikkje blir oppfatta av kjemien som legemiddel (dvs. agentar i stand til å endre helsetilstanden i eit individ på ein dynamisk måte), men berre som kjemiske substansar (likevel berre i den grad deira komponentar kan bli undersøkt i eit kjemisk lys). Kjemien kan følgjeleg berre gi kjemisk informasjon med omsyn til medisinske substansar og ikkje kva for åndelege, dynamiske forandringar dei er i stand til å påføre mennesket si helsetilstand eller kva for medisinske og kurerbare evner kvart einskild legemiddel eig og er i stand til å utføre i den levande organismen.

Undersøking av kjeldene til den vanlege legemiddellæra – I

I dette essayet som blei publisert i 2. utgåve av «Reine Arzneimittellehre» bind 3 (1825), undersøkjer Hahnemann ulike metodar som ofte blir nytta for å skildre legemidla sine kurerande eigenskaper og diskuterer desse med omsyn til deira eksakte dynamiske verknad i den levande organismen.

Omsett frå den engelske utgåva (R. E. Dudgeon) av homøopat MNNH Svein Johannessen
Kvamsøy 1997

* * * * *

I tillegg til kunnskap om kva som skal kurerast i kvart einskild kasus, kan det ikkje vere viktigare kunnskap for ein praktisk lege enn kjennskap til dei kurerande reiskapane – å vite kva kvart einskild middel med visse kan kurere.

23 hundreår er blitt nytta i resultatlaust arbeid med å oppdage den veg ein må følgje for å kunne oppnå denne kunnskapen; og alt slit det har kosta, har ikkje ført eitt steg vidare.

Dersom dei millionar av legar som i denne lange perioden brukte tid på dette spørsmålet, berre hadde oppdaga vegen til korleis kunnskap om dei kurerande eigenskapane i kvart legemiddel kunne finnast, hadde mykje, mest alt, vore oppnådd; for dermed ville det vore mogleg i følgje denne veg, og dei beste legane sin seriøsitet og sitt strev ville snart ha erobra eit såpass monaleg kunnskapsfelt at også det som måtte gjenstå å bli undersøkt, ville vore innafor vår rekkjevidde.

Men til no har ikkje éin tråkka den stig som tydeleg og sikkert fører til målet. Alle dei stigane som hittil er tråkka, er følgjeleg ikkje anna enn blindspor, noko det eine hundreåret blei tvungen til å seie om stigane i det føregåande. Det er desse blindspora vi skal undersøkje litt nærare.

* * * * *

Den første kjelda som har overlevd til no, er rein og skjær gjetting og fiksjon som gjer forsøk på å påvise legemidla sine generelle terapeutiske eigenskapar.

Nyleg utgjevne legemiddellærer presenterer stoffet nøyaktig på same måte som teksten blei presentert av Diskorides for sytten hundreår sidan: denne og hin substans er betennelseshemmande, løysande, urindrivande, svettedrivande, menstruasjonsregulerande, antispastisk, uttrekkjande etc. Dei same skildringane av spesielle legemiddelsubstansar sine generelle eigenskapar som ikkje viser seg å vere sanne; dei same generelle påstandar som ikkje held mål når dei vert sett på prøve ved sjukesenga. Undersøkingar viser at legemidlet svært sjeldan utfører det desse bøkene påstår med omsyn til midlet sine generelle terapeutiske eigenskapar i menneskekroppen; og at når så skjer, anten av andre årsaker eller grunna ein forbigåande palliativ effekt (primærverknad), oppstår med visse ein motsett effekt, til det verre for pasienten.

Dersom eit legemiddel, lovprist for sin urindrivande, svettedrivande eller menstruasjonsregulerande kvalitet når den blir gjeve aleine, ser ut til å kunne ha denne effekten under spesielle tilhøve og i eitt av mange kasus, er det da grunnlag for å seie at legemidlet absolutt innehar desse kvalitetane; men andre ord, fortener det tittelen som uomtvisteleg svettedrivar, menstruasjonsregulerar eller urindrivar? I så tilfelle ville vi kalle ein som berre no og da handla rettvist, ein rettvis mann; og ein som laug berre i sjeldne høve, ville vi vørdsamt kalle ein sannferdig mann, ein mann av sitt ord!

Skal vi la våre førestellingar bli såpass perverterte og så snudd på hovudet?

Desse sjeldne døma er slett ikkje bevis for at ein spesiell effekt vil finne stad, sjølv ikkje ein sjeldan gong; for ikkje i eitt av hundre tilfelle blei substansen gjeve aleine, men bortimot alltid i kombinasjon med andre legemiddel.

Kor få legar har gjeve ein pasient berre ein einskild substans om gongen og venta på substansen si reine verknad og fullstendig unngått påfølgjande bruk av andre medisinske substansar! Ordinære legar bruker ikkje anna enn miksturar av ulike legemiddel! Og dersom dei i det heile gir ein einskild substans, t.d. i form av pulver, passar dei alltid på å ordinere noko urteekstrakt (eit anna legemiddel), eller medisinert klyster, eller noko til å smørje på huda, eller badetilsetningar av andre urter, i tillegg. Denne ibuande last heng ved den ordinære lege lik bek, slik at han aldri kan kvitte seg med den. Han er i klemme både framme og bak og får ikkje ro og er ikkje tilfreds dersom ikkje dette eller hitt og fleire andre legemiddel vert ordinert i den tvilsame ‘handelen’.

Og for slikt har dei mange unnskyldningar.

Dei påstår at dette eller hitt legemiddel (som dei ikkje veit noko som helst om med omsyn til særeigne og reine verknader) er hovudingrediensen i deira samansette ordinering, og at alle verknadene må tilskrivast den. Dei andre substansane blei tilsett av andre grunnar, nokre for å støtte opp om hovudingrediensen, nokre for å korrigere den, andre for å drive den til denne eller hin del av kroppen, eller for å gi dei naudsynte instruksjonar undervegs (sjølv om deira eigen særeigne funksjon er ukjend); som om legemidla skulle vere intelligente vesen utstyrt med ein vel disponert vilje og dressert til audmjukheit, slik at dei utfører akkurat det legen har gjeve ordre om og ikkje ein tøddel meir i kroppen!

Men sluttar desse tillegssubstansane, med sine særeigne og ukjende medisinske verknader, å forstyrre og motverke hovudingrediensen sin effekt på kommando og produsere, i samsvar med evige regelbundne tilhøve i deira eigen ibuande natur, verknader som ein ikkje kan ha mistanke om eller kunne rekne seg til på førehand, og som berre kan bli oppdaga og skaffast kunnskap om gjennom rein undersøking?

Kor dumt er det ikkje å vurdere ei kraft si verknad, så lenge andre krefter av eit anna slag samstundes, om ikkje hovudsakleg, men på lik linje, påverkar resultatet?

Det ville ikkje vere meir absurd enn at nokon prøvde å overtyde oss om at han hadde oppdaga bordsalt som ein god ernæringsartikkel; at han hadde ordinert det til ein halvt ihelsvolten mann, og at vedkommande ikkje før hadde ete av det, før han igjen vart oppliva, følte seg mett og blei styrkt, som ved eit mirakel; at om lag 28 g salt var basis og hovudingrediens i den ordinerte næringsrike resepten som blei oppløyst lege artis i quantum satis kokande vatn, kor i han tilførte ein god klump smør for å korrigere og eit halvt kilo fint kutta rugbrød som støtteprodukt. Etter kraftig omrøring skulle denne blandinga (suppa) med ein gong takast inn av den svakelege pasienten, som dermed fekk sin svolt fullstendig stilla. Dei sistnemnde ingrediensane var berre uviktige tilleggsprodukt. Dei 28 g salt var hovudingrediensen og blei ordinert som basis i resepten; og sjå! – i hans hender hadde det, så fremst det blei laga nøyaktig etter desse direktiv, alltid skapt dei mest fordelaktige resultat.

Dersom eigenskapar som saturans, analepticum, restaurans, reficiens og nutriens på dette grunnlag blei tilskrive artikkelen Sal culinare i ‘kjøken’-middellæra, ville det ikkje vere meir barnsleg og absurd enn at ein lege som usystematisk ordinerer ein substans som basis i eit urindrivande middel, samstundes som han plussar på to, tre eller fire andre sterke (ukjende) medisinske substansar (utvilsamt under det viselege formål å skulle tene som korreksjon, vegvisar, støtteapparat…) og beordrar pasienten til å gå att og fram i eit kaldt rom medan han tek blandinga, samstundes som han drikk store mengder varm væske lagd av rhinsk vin, tilført godt med sukker, og så triumferande annonserer den fantastiske suksessen på grunnlag av den ordinerte basis: «Pasienten har fått ut meir urin enn vanleg.» I hans augne er tillegssubstansane og måten inntaket vart gjort på, berre uviktige småting og utan verknad på resultatet, slik at han kan tilskrive den substansen han reknar som hovudingrediens i resepten, den substansen han (utan å vite kvifor) interesserer seg mest for og den substansen sitt ry han ynskjer å utvide, all ære for dei verknadene som oppstod. Når ein på grunnlag av slik usystematisk og pågåande lovprising av eit legemiddel som blir favorisert av vedkomande, og som vedkomande i utgangspunktet tilskriv spesifikke eigenskapar, skjer naturlegvis det at legemiddel blir skildra med ufortente og ikkje stadfesta kvalitetar som urindrivande, menstruasjonsregulerande, resorberande, svettedrivande og antispastiske i den ‘velviljuge’ legemiddellæra, der dei etterpå opptrer som sanningar og på den måten vert villeiande for dei som set sin lit til den.

Denne særeigne verknaden må tilskrivast alle dei legemidla som vart nytta samstundes! Kor liten del av den usikre påskjønninga av å vere ein urindrivar, ein svettedrivar, ein menstruasjonsregulerar eller ha ei anna verknad, kan tilskrivast kvar einskild ingrediens i resepten!

Skildringa av legemidla sine generelle terapeutiske eigenskaper, slik dei blei utført av Diskorides og gjenteke av hans etterkomarar, og som i tillegg okkuperer mesteparten av legemiddellærene sjølv i vår eiga tid – at dette eller hitt legemiddel er urindrivande, svettedrivande, reinsande, spyttproduserande eller blodreinsande – er følgjeleg reint fiktive.

(Dersom ingen annan eigenskap kan tilskrivast eit legemiddel, må det i det minste vere reinsande; reinsande på ein aller annan måte; for, utan utreinsking – utan ei utreinsking av den sjukelege materien som deira fullstendig materialistiske førestelling om sjukdom fekk dei til å søkje i alle sjukdomstilfella, trudde dei det ikkje var mogleg at eit legemiddel kunne føre til kur. Sidan utviklinga av og eksistensen av sjukdom i følgje dei kom av denne hypotetisk sjukdomsframkallande materien, retta dei all merksemd mot alle tenkjelege utskiljingskanalar i kroppen der denne dødelege materien kunne skiljast ut ved hjelp av legemiddel; og legemidla på si side måtte gjere dei den tenesta, på eiga hand å plukke ut og leite opp denne tenkte sjukdomsframkallande materien i dei talrike årene og væskene og reinske den ut gjennom t.d. urinen, sveitten og spyttet. Desse var dei primære verknadene dei ønskte og håpa på frå legemidla; dette var den rolla alle legemidla i legemiddellæra var tildelt.)

Forsikring om at dette eller hitt legemiddel er resorberande, at det verkar stimulerande eller dempande på sensibiliteten, irritabiliteten eller på reproduksjonen, kviler eine og aleine på grunnlause hypotetiske førestellingar. Det var i seg sjølv ei uriktig og hypotetisk førestelling, utan bevis og realitet, at det i det heile var naudsynt å utføre desse tiltaka direkte mot sjukdomar. Korleis kunne ein, under dekke av fornuft, gjere noko så risikabelt som å tilskrive einskilde legemiddel desse, i seg sjølv verdilause eigenskapane, utan bevis og fullstendig utan å vurdere det faktum at dei mest aldri blei ordinert aleine, men stort sett alltid i kombinasjon med andre? Ei kvar slik forsikring er ei lett gjennomskodbar løgn.

Kva er i det heile blitt observert oppløyst eller resorbert av legemiddel i det indre av menneskekroppen? Kva for fakta har danna grunnlag for bevis for at det var mogleg for legemiddel å utvise evne til å kunne oppløyse levande delar av organismen? Kvifor er ikkje udiskutable bevis for ei slik evne i visse substansar lagt fram? Sidan det ikkje er mogleg å observere slike mekaniske og kjemiske verknaderfrå eit legemiddel på levande delar av organismen sitt ikkje utforska og enno ikkje utforskbare indre, og sidan feil innan det alvorlegaste og viktigaste av alle yrke på jord – kurering av sjuke – unekteleg har dei mest skadelege konsekvensar, kvifor har ikkje skamkjensle heldt menneska tilbake frå å publisere slike fiksjonar som sanning og dogme, og, utan å raudne, uriktig tilskrive legemiddel slike verknader? Falskneri på dette feltet er det største brotsverk – ikkje mindre enn høgforræderi mot menneska.

Framover mot Hahnemann

– intervju med lege og homøopat Anton Rohrer

Poenget er ikkje å fylgja Hahnemann lik eit religiøs dogme, men å undersøkja om han sin metode er vellykka i høve å hjelpa våre pasientar

Av
John Petter Lindeland
naturterapeut MNNH reg
john.petter@notteroynaturmedisinske.no

Som lege reknar eg med at du kunne ha ein god og lønsam praksis basert på det som er akseptert som vitskapleg medisin – og vera nøgd med det. Kva gjorde at du fatta interesse for homøopatien?

– Det var under medisinstudiet at eg kom over læreboka Organon av Samuel Hahnemann. Det som imponerte meg var Hahnemanns kritikk av den materialistiske medisinen. Eg finn at hans argumentasjon har den same relevans og verdi overfor vår moderne medisin. Samtidig møtte eg min fyrste lærar i homøopati, Mathias Dorcsi i Wien. Han  viste oss korleis me skulle oppta ein anamnese av pasientar på ein heilskapleg og empatisk måte. Det var hans  haldning overfor pasientane som gjorde at eg bestemde meg for at ein slik medisinsk praksis ville eg også driva. Det tredje er at det nyaste innan dagens vitskaplege medisin er morgondagens mistak, og me kallar det «utvikling». Homøopati er i motsetnad tidlaus, sidan sanninga når det gjeld dei homøopatiske utprøvingane er gyldig til evig tid. Informasjonen om midla kan aldri bli feil.

  • Samuel Hahnemann Organon (6. utg.)

Dagens vitskap konkluderer at homøopatien ikkje er betre enn placebo. Kva er din kommentar til dette?

– Denne konklusjonen er berre ikkje sann! For to år sidan blei det til dømes i ein australsk rapport konkludert med at homøopati ikkje er betre enn placebo. Denne rapporten gjorde krav på å vera basert på meir enn 1 800 studiar. Men  av desse 1 800, blei berre 176 teke med i rapporten og av desse blei 171 ekskludert. Så, i realiteten, blei rapporten berre basert på 5 studiar! Dette betyr, at homøopati blei vurdert som berre placebo etter eksklusjon av meir enn 90% av dei publiserte studiane! Om du vil vita meir om desse undersøkingane, les rapporten frå The  H0meopathy Research Institute (HRI) i London.

– Allereie i 1997, i ein stor meta-analyse, skreiv Linde (Tyskland) om førestillinga at homøopati truleg ikkje er betre enn placebo: «Resultatet av vår meta-analyse er ikkje kompatibel med hypotesen om at den kliniske effekten av  homøopatien berre skuldast placebo». Denne konklusjonen er endå gyldig, jfr. det som den svenske vitskapsmannen Robert Hahn skriv i ein rapport frå 2013.

– I den tyske databasen frå Carstens Stiftung er det oppført i HomBrex (Homeopathic Basic Research Experiments) meir enn 2 200 titlar – i databasen COREHom (Clinical Outcome Research in Homeopathy) om lag 1 200 titlar om kliniske studiar – i HomVetCR (Veterinary Clinical Research Database for Homeopathy) 444  studiar som omhandlar behandling av dyr. Spørsmål: verkar placebo også på dyr?

– Min konklusjon er at dei fleste av desse studiane viser til positiv effekt av homøopatisk behandling. Fellesskapet av materialistiske vitskapsfolk kan likevel ikkje akseptera dette – og media er ein betydeleg medspelar i kampen mot homøopatien. 

– Som den kjende britiske vitskapskapsmannen Francis Bacon ein gong sa: «Man prefers to believe what he prefers  to be true.» 

CVen din viser at du har ein brei og allsidig homøopatisk utdanning. 

– Etter at eg var ferdig med min medisinske utdanning ved universitetet, hadde eg stor entusiasme når det gjaldt å få med meg alle kurs som blei tilbode innan homøopati. På den tida eksisterte det i Austerrike ikkje noko curriculum for homøopati som kvalifiserte til godkjenning. Difor gjekk eg på kurs hjå mange ulike lærarar,  hovudsakleg  hjå George Vithoulkas i Hellas og Jost Künzli frå Sveits, som blant anna introduserte den kentianske repertoriemetoden til Tyskland. Eg møtte også Sankaran, men han sin metode blei for spekulativ for meg.

– Ein av mine hovudlærarar var Will Klunker frå Sveits. Han var medforfattar av The Synthetic Repertory, som var den fyrste utvida versjonen av Kents repertory. Dei store data-repertoriane, som me har i dag, hadde førebels ikkje  kome på marknaden. Ved slutten av tusenårsskiftet, kom eit data-repertorie basert på Pocket book of Boenninghausen. Dette brukte eg gjennom mange år, inntil Syptomenlexikon blei publisert for om lag ti år sidan. Sidan den tid, har eg stort sett nytta dette verket – som både er ein kombinasjon av original materia medica-tekst og repertorium.

I boka – Hahnemanns Arbeitsweise (Plate og Rohrer) – refererer du til ulike homøopatiske «skuleretningar» – Kent, Bönninghausen, Boger, Vithoulkas, Sankaran, Scholten, Lippe osb. Alle desse gjer krav på å vera den klassiske versjonen, eller den rette tolkinga av Hahnemann si lære – og den beste måten å finna rett middel på. Sentralt er  tolkinga av kva ein legg i omgrepet karakteristiske symptom. Du konkluderer med at ingen av desse har forstått  meininga av dette omgrepet. Betyr dette at desse «skulene» har liten eller ingen verdi?

– Fyrst vil eg dela dei «klassiske» skulene (Kent, Bönninghausen, Borger, Lippe) frå dei meir moderne «spekulative» skulene som Sankaran og Scholten. Eg omtalar desse som «spekulative», fordi dei for meg er på  avvegar i høve prinsippet om liknande kurerer liknande – slik Hahnemann forstod og la det fram. Desse «spekulative» skulene handlar meir om analogiar mellom planter og sjukdom, slik som signaturlære, eller analogiar  mellom dyreåtferd og pasient. Eg brukar difor å kalla desse systema for analogopati. Homøopati er det ikkje. 

– Problemet i tida etter at Hahnemann gjekk bort, var at ingen forstod metoden hans når det gjaldt identifikasjon av karakteristiske teikn og symptom i dei ulike homøopatiske midla. Dette er nøkkelen til seinare å forstå kva som er karakteristiske symptom hjå pasienten. Den homøopatiske materia medica er vår guide i møte med pasienten sine  symptom. Ein pasient kan ha svært karakteristiske og rare symptom, men dersom desse symptoma ikkje eksisterer i signifikant omfang i vår materia medica, er desse svært rare symptoma til pasienten verdilause. Alle desse ulike skulene slik som Kent, Bönninghausen, Boger, Vithoulkas, Lippe – som krev å bli oppfatta som «klassisk», – prøver å tolka Hahnemann på ulike måtar: Kent deler symptoma mellom generelle og spesielle, Bönninghausens nøkkel er modalitetane osb. Alle desse skulene/metodane var hensiktsmessige inntil publiseringa av Symptomenlexikon. I tida før Symptomenlexikon, kunne me berre prøva å tolka Hahnemann – nå kan me med nøyaktigheit forstå korleis han arbeidde. I boka «Hahnemanns Arbeidsweise» kan ein finna mange døme på kasus av Hahnemann som  er løyst med dette verktøyet.

Du karakteriserer dette som ikkje å gå tilbake til Hahnemann, men framover mot Hahnemann. Korleis? 

– Symptomenlexikon gjev oss for fyrste gonga i historia eit verktøy for klart å forstå kva Hahnemann forstod og meinte med nemninga karakteristiske teikn og symptom i midla. I mange middel (Pulsatilla, Bryonia, Rhus tox,  Ignatia osb.), gjev han hundrevis av fotnoter for å samanlinka desse symptoma.

– Det har tatt 200 hundre år før nokon har klart å gjera bruk av den informasjonen Hahnemann her har gitt oss. Med Symptomlexikon er det lett å forstå, og difor er dette det mest innovative som har skjedd sidan Kent publiserte sitt repertorium i 1897. Slik sett går me ikkje tilbake til Hahnemann, men for fyrste gongen har me høve til å fylgja han sin arbeidsmetode nøyaktig og reprodusera den. Me er ikkje lenger avhengige av ulike tolkingar. Dette har berre vore mogleg ved hjelp av moderne datateknologi, slik at Uwe Plate kunne omforma arbeidet sitt til bruk i  klinisk praksis. 

– Poenget er ikkje å fylgja Hahnemann lik eit religiøs dogme, men å undersøkja om han sin metode er vellykka i høve  å hjelpa våre pasientar. Mange kollegaer melder om forbausande resultat ved bruk av dette nye verktøyet. 

I boka som nemnt, har du også fokus på mentale symptom – og gjev ei åtvaring om bruk av det som du definerer som «charakterzüge des normalen Lebens» (normale karaktertrekk). Kan du forklara skilnaden her?

–  Alle symptoma som ein vel å bruka i jakta på rett middel, må vera sjukdomssymptom. Når det gjeld  kroppssymptom er dette lett å forstå, men også mentale symptom må ha dette som utgangspunkt. I § 213 i Organon skreiv Hahnemann at det er mentale eller emosjonelle endringar frå elles normal tilstand som er gyldige symptom ein kan bruka. I § 208 skriv han: «For å kunne avdekka kva som i ein pasients liv kan forverra sjukdomen, eller vera  til hinder for kur, må terapeuten ta omsyn til pasientens alder, livsstil og diett, yrke, livssituasjon og sosiale tilhøve  osb. På same måte skulle hans tankar og emosjonar bli vurdert om dei er til hinder for kur, eller vurdert ut i frå om  det trengs psykologisk rådgjeving, modifiserast osb.» I § 209 skriv han: «Etter at dette er gjort, skal terapeuten,  gjennom fleire intervju, skissera sjukdomsbildet så komplett som mogleg…» Dette betyr, at så lenge ikkje tankar og emosjonar er endra i høve normal tilstand, er dette ikkje ein del av sjukdomsbildet. Hahnemann skriv om det same i  både § 5, 94 og i fotnote til § 210. 

– Innan dagens homøopati, er hovudfokuset lagt til mentale og emosjonelle tilstandar hjå pasienten. Pasienten skal bli forstått psykologisk. Utfordringa her blir å avgjera kva som er normal tilstand/karaktertrekk hjå pasienten i høve ulike livsutfordringar, og kva som er sjukleg. 

I Norge har me ein dramatisk nedgang når det gjeld homøopatisk praksis. Mange forklarar dette med negativ fokus i  media. Eg trur dette er ein medverkande årsak, men meiner likevel at det sterke fokuset på mentale symptom –  kombinert med ei meir eller mindre «spekulativ tilnærming » til både pasient og helse/symptom – har fjerna  homøopatien frå den praktiske og kliniske terapiforma den er. Har du liknande erfaringar frå ditt eige heimland –  Austerrike?

– Me har også ein liknande situasjon i alle dei tysktalande landa – Tyskland, Austerrike og Sveits. Den oppveksande generasjonen av terapeutar er ikkje interessert i homøopati. Alle dei faktorane du nemner, er gyldige  også her. Men det er ikkje berre summen av desse som gjer utslaget (negative medieoppslag, fokus på mentale symptom, «spekulative» tilnærmingar og dermed mindre vellykka praksisar) – det er også eit spørsmål om tidsånda (Zeitgeist). Sjølv om faget ikkje er spesielt endra dei siste 40 åra – og sjølv om vår generasjon var entusiastisk overfor det – er tidsånda i mot homøopati. Eg trur at me må venta ein generasjon eller meir før våre  barnebarn vil oppdaga homøopatien på nytt.

Du har, saman med skaparen av Symptomenlexikon – Uwe Plate – gjennomført fleire interessante webinarar i høve  publiseringa av den nye digitale online-versjonen SL5. For meg synes det som om dette verktøyet har tilført deg ny  kunnskap i høve å forstå den homøopatiske arbeidsmetoden. I kva omfang brukar du dette verktøyet i din praksis  samanlikna med andre metodar du har lært?

– Eg brukar Symptomenlexikon i om lag 95 % av alle kasus.

Kva faktorar er det som avgjer om du brukar andre  metodar/tilnærmingar? 

– Ved sida av Symptomenlexikon, brukar eg Pocket Book of Boenninghausen and The Complete Repertory (ISIS program). I sjeldne tilfelle når det gjeld søk etter spesielle rubrikkar må eg bruka desse verktøya. I dag hadde eg til dømes ein pasient med smerte i same augneblinken han sette seg ned. I Symptomenlexikon finn eg  modaliteten «verre av å sitja». Eg samanliknar då dei midla eg finn i rubrikken «verre av å sitja ned» i Pocket Book. 

Korleis er det å arbeida med Symptomenlexikon ved mentale eller emosjonelle tilstandar, samanlikna med andre  repertorium?

– I andre repertorium kan eg finna eksakt mentale nemninga slik som «frykt for torevêr» eller «lyst til å drepa med  kniv» eller «lyst til å drepa ein person som motseier». Dette er svært spesielle mentale tilstandar. I  Symptomenlexikon kan eg finna alle mentale symptom som Hahnemann (og fleire andre slik som Stapf, Hartlaub &  Trinks) publiserte i han sin materia medica. Vi har gode resultat med behandling av blant anna depresjon,  utbrentheit eller angsttilstandar. Dette verktøyet gjev også høve til å kombinera emosjonelle tilstandar (depresjon,  angst, sløvskap osb.) med samtidige fysiske plager slik som hjartebank, sveitte, kulde, søvnløyse osb. 

I kva grad meiner du val av potens er viktig for eit godt resultat? Turr eller i flytande form?

– Eg trur det har lite å seia. I kroniske kasus brukar eg LM-potensar, og ved akutte tilstandar C30 eller C200. I  motsetnad til lova/prinsippet om liknande kurerer liknande, fylgjer ikkje potensvalet ei spesiell lov/prinsipp. Både  høge og låge potensar kan kurera. Vanlegvis løyser mine pasientar midla opp i vatn. 

Styrke og veikskap med  Symptomenlexikon?

– Styrken er at eg med nøyaktigheit kan vita kva som er den reelle effekten av middelet; kva symptom eit middel  verkeleg kan kurera. Det andre er at ein til dømes kan kombinera ein modalitet med ein sensasjon og få fram dei midla som signifikant har denne kombinasjonen. Dette er ikkje mogleg i eit repertorium. Døme: stikkande  smerte som blir verre når ein går. Sidan ein i Symptomenlexikon får fram teksta direkte frå materia medica for alle midla når det gjeld denne aktuelle kombinasjonen, kan ein også vurdera kva som er mest liknande i høve  symptoma til pasienten Ein vel som sagt ikkje middel frå ei repertorieliste, men ved studium av materia medica. Slik får ein også informasjon om det aktuelle symptomet eller symptomkombinasjonen er ein ekte signifikant effekt, eller berre eit tilfeldig prøvingssymptom frå pasienten. I andre repertorium har du ikkje høve til dette. 

– Sidan Symptomenlexikon er relativt nytt, vil det vera eit kontinuerleg arbeid med forbetring framover. Verktøyet er  også fruktene av eit menneske sitt arbeid (Uwe Plate). Han vil heile tida prøva å gjera det betre, laga nye rubrikkar og  retta feil.

Kva er di erfaring ved bruk av Symptomenlexikon og hudproblem?

– Ved at ein finn mange rubrikkar knyta til hud i SL, gjer dette arbeidet lettare. Men; generelt er hudproblem ikkje  lett å behandla, sidan symptoma oftast er få og lite karakteristiske. Dessutan ynskjer pasienten å bli kvitt problemet  så fort råd er, og spesielt dersom det opptrer i ansiktet. 

Du har i boka Hahnemanns Arbeitsweise presentert fleire kasus. Ei av dei omhandlar ei kvinne med akutte ryggsmerter. Ved seinare undersøking, viste MR tydelege teikn på spinalkanalstenose – og operasjon blei  tilrådd. Etter nokre dosar av det valte homøopatiske midlet (Kreosotum) forsvann smerta, og fire år seinare er ho  endå bra. Korleis forklarar du at symptom knyta til manifistert patologi kan helast ved hjelp av homøopati – sjølv om  MR endå viser tydeleg stenose?

– Eit homøopatisk middel aktiverer dei sjølvhelande kreftene i pasienten. Ein kan aldri vita kva potensiale desse sjølvhelande kreftene har. Og dessutan kan det vera eit stort avvik mellom røntgenbildet og smerta den enkelte pasienten erfarer. Denne pasienten er endå smertefri i ryggjen, men er under fortsett behandling på grunn av  at ho for ein del år sidan hadde brystkreft og levermarkørar i blodet. Med homøopatisk behandling er desse  verdiane normalisert.

– Erfaringane mine med ryggproblem er både overraskande og forbausande. Blant anna hadde ein ven av meg eit  stort ryggprolaps, isjassmerter med lamming av rectum – noko som indikerer at operasjon er nødvendig. Etter  homøopatisk behandling kom han seg raskt, og har ikkje hatt problem seinare – nå 20 år sidan. Som nemnt kan det  vera eit stort avvik i høve røntgenbilde, MRT, CT og smerteoppleving/ubehag. Nokre pasientar har store smerter  med lite utslag på bilde, medan andre kan ha store utsalg på bilde, men mindre plager og ubehag.

Du har også presentert eit kasus med KOLS som endte med eit godt resultat. Kva trur du potensialet er for  homøopati når det gjeld alvorlege manifesterte sjukdomar?

– Homøopati kan aktivera dei sjølvhelande kreftene. Det som går an å kurera, kan helast med homøopati – det som ikkje går an å kurera, kan ikkje helast. Dette avheng ikkje av namnet på sjukdomen. Om du finn det rette  homøopatiske middel, kan dette kurera kreft. Samstundes vil du ikkje ein gong kunne kurera det enklaste  sjukdomsuttrykket om du ikkje finn det rette middelet. I utvikla, tung patologi er det som oftast ikkje nok med berre  eit middel. Ein må som regel innom fleire middel avhengig av symptomuttrykket til ei kvar tid. Også livsstil og  kosthald er svært viktig. I høve dette finn ein mykje god informasjon i både Hahnemann si bok Organon og i fyrste  bind av Die chronischen Krankheiten.

Individualisering i homøopatien V

Arnt Folkman
Grimstad oktober 1998

Individualisering av midlene i Materia Medica – en legemiddelstudie

I Individualitet og patologi i homøopatien III viste jeg en metode for å individualisere et kasus. Her viser jeg den samme metoden anvendt på beskrivelsen av et middel i Kents Materia Medica Jeg velger et rimelig klart middel med en kort beskrivelse for oversiktens skyld.

PLATINA
Det første jeg gjør er å lese i gjennom hele teksten for å få en generell oversikt. Dernest tar jeg for meg avsnitt for avsnitt for å se om jeg kan finne analoge forhold.

I det første avsnittet finner jeg:

  • Et av de mest karakteristiske trekkene i denne prøvingen er stolthet og overvurdering av seg selv, samt undervurdering av andre sosialt.
  • Over- og undervurderingen gir seg også uttrykk intellektuelt i det at den syke kan oppfatte seg selv som fysisk større enn andre.
  • Oppfatter bagateller som alvorlige saker.
  • Snakker mye om litt «aparte» saker.
  • Press i lemmer som oppleves som om de var bandasjert.
  • Smerter i kombinasjon med nummenhet – eller hver for seg.

Helheten er mer enn summen av detaljene. Det er helheten jeg skal frem til ved hjelp av analoge forhold som «binder»detaljene logisk sammen. Enklere – jeg er på jakt etter en rød tråd i materialet.

Etter å ha notert fra 1. avsnitt skriver jeg:

??Stor/liten, overvurdere/undervurdere??
som en mulig rød tråd, uten å ta stilling til om det er riktig eller galt. Så spørs det da om arbeidet med de neste avsnittene tvinger meg til å formulere annerledes, eller om det føre til en bekreftelse av førsteinntrykket?

Fra andre avsnitt:

  • Ting kan synes mindre enn de er.
  • Blødninger består av sorte klumper i flytende blod.

Den første registreringen er uproblematisk i forhold til formuleringsforsøket over, men hva med blødningene? Kan flytende vev med klumper flytende rundt i veske uttrykke noe som kan være analogt til formuleringene over? Her må jeg melde pass. Skyldes det at formuleringene over er sånn omtrent riktige?

I tredje avsnitt:

  • Følelse av at buken er bandasjert.

Som grunnlag for å føle at buken er bandasjert når den ikke er det, må det på en eller annen måte ligge en opplevelse av at noe er blitt større enn vanlig som grunn, eller at noe er blitt mindre – eller begge deler. Fenomenet usannsynliggjør ikke den foreløpige formuleringen.

  • Ekstremt lett opphisset seksuelt. Her får jeg av en eller annen grunn assosiasjoner til overfølsom for lukter i andre avsnitt og mye og innestengt tarmgass i tredje avsnitt.
  • Ekstremt følsom vagina.
  • Mens for rikelig, for ofte og kortvarig.

Her er for mye, for ofte og for lite klart synlig hele vegen.

* * * * *

Syntesen (helheten er mer enn summen av detaljene)
Når jeg ser på det sosiale, det intelektuelle og det fysiske under ett, for å komme frem til en formulering som dekker den dynamiske ideen (eller forstyrrelsen) i beskrivelsen av midlet som en helhet, må jeg for dette midlets del være forsiktig slik at jeg ikke lar det likhetsidealet jeg er opplært til å akseptere som godt og riktig påvirke meg. Hvis jeg går i den fellen, svinner mulighetene mine for å få et vidt nok grep på platinapatologien.

Nå som jeg har gått igjennom hele Kents beskrivelse av midlet, synes det første formuleringsforsøket mitt ikke så galt. For å få et så brukbart redskap som mulig til å kjenne igjen den dynamiske forstyrrelsen hos pasienten som har sin analogi i potenser av platina, forandrer jeg formuleringen til:

Øke ——– Redusere (snevre inn)

Ved å velge en så nøytral formuleringen for den dynamiske ideen bak patologien som potensen tvinger frem i prøveren, håper jeg å unngå at holdningene mine gjør meg blind for Platina som mulig simillimum også i kasus med patologi som ikke har tydelige sosiale konsekvenser.