Samuel Hahnemann sitt forord til fyrste utgåva av «Dei kroniske sjukdomane, deira særeigne natur og homøopatiske kur» — 1828.
Omsett av
homøopat John Petter Lindeland
Nøtterøy 1996
john.petter@notteroynaturmedisinske.no
Dersom eg ikkje visste føremålet for mitt jordeliv, som ligg innanfor grensene av kva eg evner — nemleg det å bli eit betre menneske og gjera alt rundt meg betre — ville eg ha vurdert meg sjølv som eit menneske med liten verdsleg omtanke dersom eg skulle hemmeleghalda ein kunstart som eigentleg skulle koma alle til gode.
Eg tviler imidlertid, ved å framleggja offentleg denne store oppdaginga, om mine samtidige vil forstå den logiske rekkefylgja av mi lære. Og om dei vil fylgja den omhyggeleg og dermed verka velgjerande for den lidande menneskehopen, må dette utan unntak skje med samvitsfullt og nøyaktig observasjon av det same; eller at dei vert skremd bort av naturen sine skjulte åpenbaringar og la dei forbli uinnvigd og derfor ubrukelege.
Eg har inga von om at desse viktige meldingane vil bli mottatt betre enn den vanlege homøopatien som eg hittil har publisert. For dei som ikkje har tru på effekten av dei små dosane av medisin som eg har gjort kjent for den medisinske verda etter tusenvis av forsøk, som det mest effektive (ved å mistru mitt motiv og samvitsfulle høgtidelege forsikring), føretrekk dei å bringa pasienten i fare ved å gje store og større dosar over lang tid. På grunn av dette får dei som regel aldri oppleva den kurative effekten, akkurat slik det var med meg sjølv før eg fekk kunnskap om den svekka dosen. Resultatet av dette var at det blei oversett at desse dosane gjennom deira svekking, var meir passande for homøopatisk bruk, som igjen hadde sin årsak i utviklinga av deira operative dynamiske krefter.
Kva ville menneskja ha risikert dersom dei med ein gong frå byrjinga hadde fylgt mitt råd og hadde gjort bruk av desse små dosane? Kunne det ha hendt noko verre enn at desse dosane kanskje bare hadde vist sin ineffektivitet? Dei kunne med sikkerhet ikkje ha gjort nokon skade! Men ved deira ukloke, eigenrådige pålegg om bruk av store dosar til homøopatisk bruk, har dei endå ein gong forvilla seg inn i rundkøyringa som eg sjølv med hell har kome igjennom, og med fare for å skada deira eigne pasientar, i håp om å finne sanninga. For å spara dei for slit og møye; og dersom dei verkeleg ynskja å kurera, var dei ikkje desto mindre tvungen til å nå det same sanne målet, etter å ha forårsaka mykje skade og kasta bort ein stor del av deira liv. Alt dette hadde eg allereie samvitsfullt og åpent lagt framfor dei, og hadde lenge før gjeve dei årsakssamanhengane.
Måtte dei handsama betre denne store oppdaginga som eg hermed presenterar dei for! Og dersom dei ikkje skulle handsama denne oppdaginga betre — vel, då vil meir trufaste og intelligente etterkomarar ha fordelen av å bli oppteken i ein samvitsfull, nøyaktig observasjon av den læra som her er førelagt og bli i stand til å frigjera menneska frå dei uttallige langtekkjelege sjukdomane så langt attende som historia rekk. Denne store gåva hadde ikkje nådd deira rekkevidde om kva homøopatien til no har lært.